Merk

Denne artikkelen inneholder video og lyd. Sjekk at høytalerne er skrudd på.

Bruk hjulet på musen eller pilene på tastaturet for å navigere mellom sidene.

Sveip mellom sider

Bygger seg til topps

Logo https://story.frifagbevegelse.no/bygger-seg-til-topps

Bygger seg til topps

Gå til første side
ÅNDALSNES: Her burde det vore taubane, tenker vi mens Magasinet for fagorganiserte pustar og pesar oss opp fjellet Nesakla (708 meter over havet) på den sherpa-bygde stien opp frå sentrum.
Gå til første side
Rett under fjelltoppen, 650 meter over Romsdalsfjorden, bygger eit arbeidslag stillas og støypar fundament til dei fire beina på ei 48 meter høg mast. Den skal ta «Romsdalsgondolen» over åssida og heilt til topps.
Gå til første side
Tømrar Morten Andersen (27) melde seg frivillig til det spesielle oppdraget. Og han har ikkje angra.
Gå til første side
– Heilt fantastisk. Det er litt som å vere på ein campingtur, smiler Fellesforbundet-medlemmet som liker å klatre i fjellet også på fritida. – Du kjem på fjellet og kjenner fridommen, det blir lettare å puste.
Gå til første side
Han har droppa sommarferien for å vere med, men til gjengjeld har det har blitt mange Instagram-vennlege stundar på jobb. Arbeidslaget har ei utsikt du ikkje finn på mange byggeplassar.
Gå til første side
Den første materialpakka vart flydd opp med helikopter i slutten av juni. Sidan har til saman seks mann frå samarbeidspartnarane HS Bygg og Christie jobba der oppe.
Gå til første side
Kvar måndag går dei opp den populære stien som er siste etappe over Romsdalseggen. Dei blir verande på fjellet til torsdag, med arbeidsdagar på tolv timar.
Gå til første side
Heile arbeidslaget frå HS Bygg er i tjueåra. Grunnen er at dei eldre kollegaane har familie og er meir heimekjære, trur dei. Fleire av dei var også med då arbeidsgivaren bygde «Loen Skylift», men dette er første prosjekt heilt utan bilveg.
Gå til første side
HMS-en er ekstra viktig her oppe. Eitt feilgrep, så er det rett ned ...
Gå til første side
Dei er godt nøgd med både brakkeforhold og arbeidsklede. Dusj og forbrennings-toalett er frakta opp med helikopter.
Gå til første side
– Vi er spesielt nøgd med maten, seier Morten. Vanlegvis får dei eit fast beløp i matpengar, men på dette prosjektet får dei kjøpe det dei vil ha, uansett pris. Som brakkevasken, går matlaginga på rundgang. Oppvasken tar dei saman.
Gå til første side
– På kvelden spelar vi kort, fortel skrønar og går ut om det er finver, seier Morten og avslører at det enkelte kveldar har blitt eit glas akevitt til solnedgangen. Dersom det er dårleg ver, må dei nøye seg med utsikta frå vindauget i brakka.
Gå til første side
Den 1,7 km lange pendelbana skal etter planen opne på vårparten neste år. Då skal den ta cruise-turistane opp til fjelltoppen på under fem minutt.
Gå til første side
Morten er gjerne med på første taubane-tur. – Som bygningsarbeidar gir det ein yrkesstoltheit å kunne peike og seie at dette har eg bygd.
Gå til første side
Scroll nedover for å fortsette Sveip for å fortsette
Sveip for å fortsette